Opna hovudmenyen
Essonne
Våpenskjoldet til Essonne
Plassering
Plasseringa til Essonne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 91
Region: Île-de-France
Préfecture: Évry
Sous-préfectures: Étampes
Palaiseau
Arrondissement: 3
Kantonar: 42
Kommunar: 196
Président du conseil général: Michel Berson
Statistikk
Folketal Rangering 14.
 -2005 1 187 807
Folketettleik: 658/km²
Landareal¹: 1 804 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Essonne er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva med same namn.

HistorieEndra

Essonne vart oppretta då det tidlegare departementet Seine-et-Oise vart delt opp 1. januar 1968, og utgjer den sørlege delen av det gamle departementet.

I 1969 vart kommunane Châteaufort og Toussus-le-Noble skild frå Essonne og lagt til departementet Yvelines.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France og grensar til departementa Hauts-de-Seine og Val-de-Marne i nord, Seine-et-Marne i aust, Loiret i sør og Eure-et-Loir og Yvelines i vest.

Dei nordlege områda av departementet ligg nær storbyområdet til Paris og er svært urbanisert. Dei sørlege områda er meir landlege.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Essonniens.

Største kommunarEndra

Dei største kommunane (meir enn 25 000 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999) er: Évry, Corbeil-Essonnes, Massy, Savigny-sur-Orge, Sainte-Geneviève-des-Bois, Viry-Châtillon, Athis-Mons, Palaiseau, Draveil, Yerres, Les Ulis og Vigneux-sur-Seine. Milly-la-Forêt er eit døme på ein meir landleg kommune.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Essonne