Eure-et-Loir
franske departement
Eure-et-Loir | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Eure-et-Loir | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 28 |
Region: | Centre |
Préfecture: | Chartres |
Sous-préfectures: | Châteaudun Dreux Nogent-le-Rotrou |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 29 |
Kommunar: | 403 |
Président du conseil général: | Albéric de Montgolfier |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 55. |
-1999 | 407 665 |
Folketettleik: | 69/km² |
Landareal¹: | 5 880 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Eure-et-Loir er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Centre, og er kalla opp etter elvene Loir og Eure.
Historie Endra
Eure-et-Loir er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Orléanais, Perche og Chartrain.
Geografi Endra
Departementet utgjer største delen av regionen Beauce, men er politisk ein del av regionen Centre. Eure-et-Loir grensar til departementa Loir-et-Cher, Loiret, Essonne, Yvelines, Eure, Orne og Sarthe.
Demografi Endra
Innbyggjarane i departementet vert kalla euréliens.
Turisme Endra
Den største turistattraksjonen i departementet er domkyrkja Cathédrale Notre-Dame de Chartres i Chartres, med dei flotte glassmåleria.
Bakgrunnsstoff Endra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eure-et-Loir