Opna hovudmenyen

Estarar (estisk eestlased, tidlegare maarahvas) er ei folkegruppe som talar estisk, eit av dei austersjøfinske språka som mellom anna omfattar finsk. Dei fleste estarar, oppunder éin million, bur i det baltiske landet Estland.

HistorieEndra

Estland blei folkesett mot slutten av istida, for om lag ti tusen år sidan då den baltiske issjøen smelta. Me kan ikkje vita kva språk dei første innbyggjarane snakka, men for fem tusen år sidan budde talarar av språk som seinare utvikla seg til estisk i området. Estarane er dermed ei av dei europeiske folkegruppene som har vore lengst busett på éin stad.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Unrepresented Nations and peoples organization By Mary Kate Simmons; p141 ISBN 978-90-411-0223-2; Engelsk Wikipedia oppgav Virpi Laitinena et al (2002), Y-Chromosomal Diversity Suggests that Baltic Males Share Common Finno-Ugric-Speaking Forefathers, Human Heredity, pages 68-78, [1]
  Denne samfunnsartikkelen som har med Estland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.