Baltikum (kanskje frå baltisk baltai (baltarar), 'dei kvite') er ei fellesnemning for dei europeiske landa Estland, Latvia og Litauen som ligg ved den austlege delen av Austersjøen. Historisk blir også Aust-Preussen gjerne rekna med.

Baltikum

Estarane lengst i nord snakkar estisk, som er eit finsk-ugrisk språk. Latviarane og litauarane, som er dei sørlegaste baltiske folka, snakkar dei baltiske språka latvisk og litauisk. Desse er om lag like forståelege seg imellom som norsk og tysk.

Land endre