Opna hovudmenyen

Estelle (fødd 23. februar 2012) er prinsesse av Sverige, hertuginne av Östergötland og dottera til kronprinsesse Victoria av Sverige og prins Daniel av Sverige. Ho er nummer to i arvefylgja til den svenske trona, nest etter mor si.

Estelle
Estelle of Sweden.jpg
FøddEstelle Silvia Ewa Mary
23. februar 2012
Solna i Sverige
Døypt 22. mai 2012 SlottskyrkanStockholms slott i Sverige
TittelPrinsesse av Sverige
Alle titlarPrinsesse av Sverige
Hertuginne av Östergötland
Fullt namnEstelle Silvia Ewa Mary
LandSverige
MorVictoria av Sverige
FarDaniel av Sverige

Prinsesse Estelle vart fødd 23. februar 2012 kl. 04.26 på Karolinska Universitetssjukhuset i Solna. Ved fødsla var ho 51 cm lang og vog 3280 gram. Det fulle namnet hennar Estelle Silvia Ewa Mary samt titlane hennar, vart kunngjorde av kong Carl XVI Gustaf av SverigeStockholms slott 24. februar.

DåpEndra

Prinsessa vart døypt 22. mai 2012 i Slottskyrkan på Stockholms slott. Faddrane var kronprins Haakon Magnus av Noreg, kronprins Willem-Alexander av Nederland, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Carl Philip av Sverige og tanta Anna Westling Söderblom. Dåpskjolen som prinsessa hadde på seg, har vore brukt av fleire i den svenske kongefamilien, både morfar Carl Gustaf og mamma Victoria vart døypt i den. I dåpen mottok også prinsessa hennar første orden, Serafimerordenen.

DekorasjonarEndra

KjelderEndra