Opna hovudmenyen

Carl Philip (fødd 13. mai 1979) er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.[1][2]

Carl Philip
Prince Carl Philip and Princess Sofia-2.jpg
Prins Carl Philip og prinsesse Sofia etter bryllaupet 13. juni 2015
FøddCarl Philip Edmund Bertil
1979-05-1313. mai 1979
Stockholm i Sverige
TittelPrins av Sverige
Alle titlar1979
Kronprins av Sverige
1980–i dag
Prins av Sverige
Hertug av Värmland
Fullt namnCarl Philip Edmund Bertil
Hus eller slektBernadotte
LandSverige
MorSilvia av Sverige
FarCarl XVI Gustaf av Sverige
EktefelleSofia av Sverige
BarnAlexander av Sverige, Gabriel av Sverige

Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.

Namn og titlarEndra

  • 13. mai 1979-31. desember 1980: Den høgvørde kronprins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
  • 1. januar 1980–idag: Den høgvørde prins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland

GalleriEndra

Carl Philip av Sverige

KjelderEndra

  1. «Prins Carl Philip gifter seg 13. juni». Norsk rikskringkasting. 23. oktober 2014. Henta 23. oktober 2014. 
  2. «Nå er de gift: Danset nedover kirkegulvet!». Verdens Gang. 13. juni 2015. Henta 14. juni 2015.