Opna hovudmenyen

Victoria (fødd 14. juli 1977) er kronprinsesse av Sverige og hertuginne av Västergötland. Ho er dotter av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Victoria er storesyster til prins Carl Philip av Sverige og prinsesse Madeleine av Sverige, og Sverige sin tronarving. Ho vart fødd prinsesse, men vart gjennom ei attendeverkande endring av grunnlova i Sverige kronprinsesse 1. januar 1980.

Victoria
Crown Princess Victoria June 8, 2013 (cropped).jpg
Fødd1977-07-1414. juli 1977
Solna i Sverige
TittelKronprinsesse av Sverige
Alle titlar1977–1979
Prinsesse av Sverige
1980–i dag
Kronprinsesse av Sverige
Hertuginne av Västergötland
Fullt namnVictoria Ingrid Alice Desirée
LandSverige
MorSilvia av Sverige
FarCarl XVI Gustaf av Sverige
EktefelleOlof Daniel Westling
BarnEstelle av Sverige, Oscar av Sverige
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

I 1995 vart Victoria tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Victoria hadde trulova seg med Daniel Westling, som ho hadde vore vener med sidan 2002. Dei gifta seg 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm. 23. februar i 2012 fekk dei ei dotter som blir den neste i arvefølgja i Sverige.[1] Dottera fekk namnet Estelle Silvia Ewa Mary. [2]

Namn og titlarEndra

  • 1977–1979: Prinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige
  • 1980–i dag: Kronprinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige, hertuginne av Västergötland

GalleriEndra

Victoria av Sverige

KjelderEndra