Esten Gjelten (fødd 27. september 1942) er ein tidlegare norsk skiskyttar frå Tolga. Han var med på Noregs stafettlag som tok sølvmedaljar i VM i skikskyting i 1969, 1970 og 1973.

Esten Gjelten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1942 (81 år)
Tolga kommune
Yrke skiskyttar

Aktiv endre

Gjelten fekk sitt gjennombrot i 1969-sesongen. Han tok bronsemedaljen under noregsmeisterskapen på Voss, og fekk gå andreetappen for Noregs sølvvinnande stafettlag, som elles bestod av Ragnar Tveiten, Jon Istad og Magnar Solberg, under VM i Zakopane. Året etter vart det nytt norsk stafettsølv på Gjelten, Tveiten, Solberg og på Tor Svendsberget under VM i skiskyting i Östersund. Her vart Gjelten nummer seks og nest beste nordmann på den indivuelle VM-distansen.

Under VM 1973 i Lake Placid stod Gjelten for sin beste internasjonale prestasjon då han kom på femteplass i den individuelle øvinga. I same meisterskapen fekk han sitt tredje og siste VM-sølv i stafettøvinga, ein medalje han delte med Kjell Hovda og førnemnde Tveiten og Svendsberget.

Gjelten tok sin andre NM-bronse i 1970, og sin tredje i 1974. Den sistnemnde medaljen kom på den fyrste 10-kilometeren i NM-historia. Under noregsmeisterskapen 1976 i Trondheim fekk han på 20 km si fjerde NM-medalje, også han i bronse.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar