Ragnar Tveiten (fødd 27. november 1938) er ein tidlegare skiskyttar som vart verdsmeister med Noregs stafettlag både i 1966 og 1967.

Ragnar Tveiten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1938 (85 år)
Veggli
Yrke skiskyttar

Aktiv endre

Tveiten deltok i skiskyting i dei olympiske vinterleikane både i 1964 i Innsbruck, i 1968 i Grenoble og i 1972 i Sapporo. Han kom på fjerdeplass på 20 km under leikane i Innsbruck i 1964, bak Vladimir Melanjin og Aleksandr Privalov frå Sovjetunionen og landsmannen Olav Jordet.

Tveiten gjekk Noreg inn til gull i 4 x 7,5 km stafett under VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen, på dei tidlegare etappane gjekk Ivar Nordkil, Jon Istad og Olav Jordet. Året etter gjekk han Noreg inn til ny VM-tittel i same øvinga under VM i skiskyting 1967 i Altenberg, då saman med Ola Wærhaug og førnemnde Istad og Jordet. Sidan var Tveiten med på å vinne fire VM-sølv i stafettøvinga; høvesvis 1969, 1970, 1971 og 1973.

Kjelder endre