Et lite stykke Thailand
Et lite stykke Thailand er ein norsk dokumentarserie om thailandske kvinner og dei norske familiane deira. Serien fekk prisen for beste dokusåpe under Gullruten 2008.[1]
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | dokumentar | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Sesongar | 2 | ||
Episodar | 14 | ||
Språk | Norsk, thai, engelsk | ||
Periode | 10. januar 2008– | ||
Kanal | TVNorge |
Handlinga er sentrert rundt Vestnes kommune i Romsdal og gir innsyn i liva til dei thailandske kvinnene og korleis familiane deira lever. Det synest å vere ein aukande trend at norske menn finn seg koner i utlandet, og serien tek tak i mytar og fordommar rundt temaet. Deltakarane ynskjer å bryte ned desse, og vise at positiv integrering er mogleg. Fleire familiar kjem frå Tresfjord noko som har gitt bygda kallenamnet «Thaifjord».[2]
I 2011 blei det laga ein ny sesong av serien. Denne sesongen følgde dei same para som den fyrste sesongen, i tillegg til tre nye par. Sesong 2 blei lansert på Litteraturhuset i Oslo, med inkluderingsministeren Tora Aasland som gjest.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Gullrutevinnerne 2008». Rushprint. 13. mai 2008.
- ↑ «Et lite stykke Thailand». Side2.no. 20. januar 2008. Arkivert frå originalen 12. juli 2011. Henta 20. november 2011.
- ↑ «Tilbake til "Thaifjord"». rbnett.no. 18. januar 2011. Arkivert frå originalen 21. januar 2011. Henta 20. november 2011.