Pliktetikk, òg kjend som deontologi, er ein normativ etisk teori som inneber at eit individ handlar moralsk rett når ein fylgjer plikter. Dersom alle individa held seg til moralske reglar kan ein skapa eit betre samfunn. Innanfor pliktetikken er hovudsakleg Immanuel Kant den mest sentrale filosofen.[1]

Det finst to former for pliktetikk:

  • Heteronom pliktetikk, inneber at eit individ er bunden av plikter som er laga av andre.
  • Autonom pliktetikk, inneber at eit individ er bunden av plikter som ein sjølv har laga.

Kantianisme endre

Immanuel Kant stod for ein autonom pliktetikk. Ifylgje Kant stamma ikkje moralen frå gud, naturen, tradisjonen, staten, eller andre instansar utanfor oss sjølve, men frå oss sjølv. Kant meinte alle individ hadde ei morallov inni seg. Det å handla moralsk rett er å handla ut frå plikter som er rett. plikter, prinsipp, reglar og normer set kriterium for kva som er moralske rette handlingar. Når ein handlar moralsk rett, handlar ein ut frå plikter som ein hadde gjeve seg sjølv i kraft av å vera eit autonom fornuftsvesen med fri vilje. Kant ville ikkje kalla moralen eit godt formål igjennom det gode liv eller lykke. Alle evner, kjensler, karaktertrekk som har positiv verdi kan òg leia til umoralske handlingar. Eit individ kan misbruka sin posisjon, og dermed gjera dårlege val med vilje. Når ein vurderer om ei handling er moralsk rett er ikkje negative konsekvensar avgjerande. Ei handling er rett dersom ho vert utført av plikt. I pliktetikken er visse handlingar absolutt forbodne eller påbodne uansett konsekvensar.

Den god vilje endre

For å handla moralsk rett må det vera i tråd med morallova og med god vilje. Den gode vilje har ein moralsk eigenverdi og handlar om at individet vil handla ut frå plikt. Ein må vera motivert til å utføra ei moralsk handling for at det skal vera rett. Ein må dermed gjera det med rett kjensle, og respektera plikten, ikkje for di anna fører til negative konsekvensar. Ein skil mellom moralsk rett og moralsk god: om ein gjer ei handling berre for å styrkja sitt rykte eller gjera det av godhug.

Imperativ endre

Moralen er ikkje basert på kjenslene. Kant meinte individ hadde to typar fornuft: den teoretiske- (hypotetisk) og den praktiske (kategorisk) fornufta. Ein kan difor skilja imperativ i to ulike typar:

  • Hypotetiske imperativ, tilråding, men stå fritt til å velja å gjera handlinga sjølv. T.d. «Dersom du vil unngå problem, bør du ikkje ljuga».
  • Kategorisk imperativ, påbod og absolutte plikter. T.d. «Ikkje ljug!».

Fullkomne plikter, er plikter ein alltid skal fylgja. Ein maksime (handlingsregel) som bryt med ei fullkomen plikt, er sjølvmotseiande. (T.d. dersom ein lyg, vil alle ljuga til deg). Ufullkomne plikter oppstår i situasjonar der ein må velja. Ein maksime som bryt med ei ufullkomen plikt, er selvmotvillande. (T.d. dersom ein ikkje hjelper andre i naud, vil ikkje dei hjelpe deg i naud). Ein har inga plikt til å arbeida for eins eiga lykke, ein pliktar å utvikla sine evner og syrgja for eins moralske utvikling, ingen kan tvingast til å verta eit betre menneske, men ein kan leggja høva til rette, ifylgje Kant. Plikta er difor å fremja andre si lykke med å bistå dei i å forfylgja sine mål og interesser.

Det kategoriske imperativ endre

Det er gjennom den praktiske fornufta ein har morallova. Moralsk rette handlingar er i samsvar med det morallova krev av ein, plikter ein har kjem av at ein respekterer morallova. Det kategoriske imperativ gjeld for alle fornuftsvesen i kraft av deira eiga fornuft, og er difor uunngåeleg og bindande. For Kant inneber dette at det kategoriske imperativ er det øvste prinsippet for moralen og den praktiske fornufta. Det å handla av plikt inneber ein fridom til å ha kontroll over seg sjølv ved hjelp av si fornuft. Berre dei individa som kan påleggja seg sjølve plikter, kan vera genuint frie. Autonomi og fri vilje er eit krav for å kunna vera moralske vesen.

Kant laga fem formuleringar for å skildra dei det kategoriske imperativ, nedanfor er dei to viktigaste:[2]

Universallovsformuleringa endre

« Handl etter den maksime som ein sjølv kan villa skal verta ei allmenn lov. »

Universallovsformuleringa handlar om å laga ein særskild regel som alle individ skal fylgja i ein viss situasjon, og der det ikkje kan gjerast nokre unntak. Utfallet handlar hovudsakleg ikkje om konsekvensane, men om det vil vera sjølvmotseiande. T.d. kunne kvite lygner vore mogeleg å realisera i pliktetikken, men om alle skulle få lov til å nytta kvite lygner heile tida, ville tilliten til einkvar vorte svekka, maksimen ville difor vore inkonsistent og umoralsk.

Humanitetsformuleringa endre

« Handl såleis at ein alltid nyttar menneskja både i eigen og i einkvar annan person samtidig som eit formål og aldri berre som eit middel. »

Sammenlikna med eit utilitaristisk synspunkt vil det for Kant alltid vera umoralsk å krenka eit individ sine rettar, uansett kvar føremålstenleg det kan verka i ein gitt situasjon. Eit fornuftsvesen kan ikkje berre verta nytta som eit middel, det skal ikkje vera eit formål i seg sjølv. Som fornuftsvesen må det kunne gjera same handlinga sitt formål til sitt eige formål.

Kritikk endre

Pliktetikken har nokre restriksjonar som avgrensar kva individ kan gjera mot andre individ. Det å handla i tråd med pliktetikken sine restriksjonar kan stundom ha ugunstige konsekvensar. Kant meinte til dømes at ein absolutt aldri skulle ljuga til nokon, til og med dersom dette ville setja andre sine liv i fare.[3] I tillegg er pliktetikken noko uklår og seier ikkje noko om kva ein bør gjera dersom ein står overfor eit tilfelle der ein må velja mellom to plikter.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Sagdahl, Mathea Slåttholm (27. oktober 2022). «pliktetikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Sagdahl, Mathea Slåttholm (19. september 2022). «kategorisk imperativ». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Helga Varden. «Kant and Lying to the Murderer at the Door . . . One More Time: Kant’s Legal Philosophy and Lies to Murderers and Nazis» (PDF). 

Litteratur endre

  • Brown, E. & Granberg, A. (2012) Hva er et menneske? : en innføring i filosofiske spørsmål om menneskets natur. (utg.2) Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 9788245007169 Kap. 12.7 og 14.1-14.2

Bakgrunnsstoff endre