Eugene V. Debs
Eugene V. Debs (5. november 1855–20. oktober 1926) var ein amerikansk arbeidarleiar og politikar, og han var presidentkandidat for det amerikanske sosialistpartiet fem gonger.
Eugene V. Debs | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 5. november 1855 Terre Haute |
Død |
20. oktober 1926 (70 år) |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar, fredsaktivist, politisk aktivist, skribent |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Socialist Party of America, Det demokratiske partiet i USA, Social Democracy of America, Social Democratic Party of America |
Eugene V. Debs på Commons |
Debs kom frå byen Terre Haute i delstaten Indiana. Han blei vald til delstatsforsamlinga i Indiana for Demokratane i 1880, og danna ei fagforeining for jernbanetilsette som var den første verkelege fagforeininga i landet i 1893. Dette var American Railway Union (ARU), som hadde ein vellykka streik mot jernbaneselskapet Great Northern Railway i april 1894. Debs blei seinare same året fengsla for første gongen fordi fagforeininga hans støtta dei streikande arbeidarane ved Pullman-fabrikken som laga jernbanevogner. Den føderale regjeringa blanda seg inn i konflikten, og sende regulære troppestyrkar frå US Army inn som streikebrytarar. Streiken blei knust, og ARU likeins.
Denne erfaringa radikaliserte Debs, som stilte opp som presidentkandidat for Social Democratic Party i 1900. Sidan var han kandidat for Socialist Party of America i 1904, 1908, 1912 og 1920, siste gongen mens han sat i fengsel.
Debs var klart anti-rasistisk, han fordømde rasismen gjennom alle sine år som sosialist, og formulerte ein gong sitt enkle syn slik: «The Socialist Party is the party of the working class, regardless of color – the whole working class of the whole world.»
Debs var ein karismatisk talar som bruka mykje av vokabularet til kristendommen og den oratoriske stilen til evangelisk kristendom, sjølv om han generelt var skeptisk til organisert religion.
Den 16. juni 1918 heldt Debs ein antikrigstale i Canton, Ohio, i protest mot første verdskrigen. Han blei på grunn av det arrestert etter Spionasjelova av 1917, og dømd til ti års fengsel, pluss tap av stemmeretten og den amerikanske statsborgarskapen på livstid. Mens han sat i fengsel i Atlanta, var han presidentkandidat for sosialistpartiet ved valet i 1920. Han fekk nesten ein million stemmer.
På slutten av året 1921 fekk Debs nåde av president Harding, og han blei sleppt ut av fengselet. Men helsa hans var øydelagd for godt.
I 1976 fekk Debs att statsborgarskapen sin, post mortem.