Evklid eller Euklid (gresk: Εὐκλείδης – Eukleídēs; fødd omkring 325 f.Kr., død omkring 265 f.Kr.) var ein gresk matematikar som underviste i Alexandria i noverande Egypt i den greske antikken. Evklid er rekna som ein av dei største matematikarane i antikken. Han skreiv mange matematiske verk, det mest kjende er Stoikheia (’Elementa’), som gjer greie for oppbygginga av plangeometrien, og som danna grunnlaget for matematisk granskingsarbeid opp mot vår tid.

Statue av Evklid, ved Oxford University Museum of Natural History

Frå Evklid har vi omgrepa

  • evklidsk geometri - ei geometrisk lære som byggjer på Evklids postulat.
  • evklidsk algoritme – ein framgangsmåte for å finne største sams faktor for to tal.
  • evklidsk rom – eit geometrisk n-dimensjonalt rom der Evklids postulat gjeld.
  • Evklids postulat – parallellaksiomet, slår fast at ein gjennom eit punkt utanfor ei rett line berre kan leggje ein parallell til lina.

Motsett har vi omgrepet ikkje-evklidsk geometri.

Kjelder

endre