Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Orne (fleirtyding).
Orne
Våpenskjoldet til Orne
Plassering
Plasseringa til Orne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 61
Region: Basse-Normandie
Préfecture: Alençon
Sous-préfectures: Argentan
Mortagne-au-Perche
Arrondissement: 3
Kantonar: 40
Kommunar: 505
Président du conseil général: Gérard Burel
Statistikk
Folketal Rangering 73.
 -1999 292 337
Folketettleik: 48/km²
Landareal¹: 6 103 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Orne er eit departementet nordvest i Frankrike. Det ligg i regionen Basse-Normandie og er kalla opp etter elva med same namn. Hovudstaden er Alençon.

HistorieEndra

Orne er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Normandie og Perche. På fransk vert innbyggjarane i departementet kalla ornais.

 
Frå Andaines-skogen.

GeografiEndra

Orne høyrer i dag til regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Eure, Eure-et-Loir, Sarthe, Mayenne og Calvados. Det er det einaste departementet i Normandie som ikkje grensar til sjøen. Departementet dekkjer det øvre løpet til elva Orne og størstedelen av det aust–vestgåande høgdedraget Collines du Perche. Desse åsane og dalane set preg på landskapet og dannar store beiteområde. Vidare har departementet fleire skogar som i dag ofte er verna naturområde.

Jordbruk og kulturEndra

Orne har sterke jordbrukstradisjonar med mellom anna mykje storfehald. Departementet er kjend for hesteoppdrett, særleg av fransk travar. Ostetypen camembert har namn etter landsbyen Camembert i Orne. Vidare blir det laga sider, brennevinet calvados og pommeau her og ulike pølsetypar som andouillette, blodpølse og servelat.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orne

KjelderEndra