Denne artikkelen handlar om songen. For tevlinga, sjå Eurovision Song Contest. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Eurovision (fleirtyding).

«Euro-Vision» var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framført på fransk av Télex.

«Euro-Vision»
Eurovision Song Contest 1980
Land Belgia
Artist(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Alias Télex
Språk Fransk
Komponist(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Låtskrivar(ar) Michel Moers, Dan Lacksman og Marc Moulin
Resultat
Finalepoeng 14
Finaleplass 17
Belgia i Eurovision Song Contest
«Hey Nana»
(1979)
«Euro-Vision» «Samson»
(1981)

Eurovision Song Contest 1980

endre

Télex vann Eurosong og fekk dimed representere Belgia i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland. Songen starta som nummer 19 i finalen etter Spania med «Quédate esta noche» av Trigo Limpio. Bidraget fekk ti poeng frå Portugal, tre poeng frå Hellas og eitt poeng frå Storbritannia. Belgia fekk til saman 14 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag.

«Euro-Vision» er den fyrste songen som har nemnt Eurovision i songteksten. Det var òg den fyrste synthpop-songen som var med i tevlinga. Marc Moulin hevda etter tevlinga at gruppa ville ende på sisteplass, og at Portugal øydela dette då dei gav Belgia ti poeng.[1]

Kjelder

endre
  1. «Belgium 1980» (på engelsk). ESC History. Arkivert frå originalen 1. oktober 2012. Henta 14. november 2012.