Europacupen i fotball 1982

Europacupen i fotball 1982 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Liverpool FC. Turneringa var den 27. i rekka. I finalen 26. mai 1982 i Rotterdam vann engelske Aston Villa med 1-0 over vesttyske Bayern München. Triumfen er den einaste internasjonale pokalen Aston Villa har vunne per 2017. Det var sjette året på rad eit engelsk lag vann Europacupen i fotball.

Europacupen 1982 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 26. august 1981 med ei forrunde mellom franske AS Saint-Étienne og austtyske Dynamo Berlin. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1982.

Vinnarlaget Aston Villa slo etter tur ut Valur Reykjavík, Dynamo Berlin, Dynamo Kiev og RSC Anderlecht. Motstandarlaget Bayern München tok seg til finalen etter møte med Östers IF frå Växjö, Benfica frå Lisboa, rumenske Universitatea Craiova og CSKA Sofia.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen endre

39 776 tilskodarar såg finalen på Feyenoord-stadion i Rotterdam 26. mai 1982. Peter Withe vart einsleg målskårar med si nettkjenning i andre omgang.

Aston Villa sine elleve utvalde var: Jimmy Rimmer, Kenny Swain, Allan Evans, Ken McNaught, Gary Williams, Des Bremner, Dennis Mortimer (kaptein), Gordon Cowans, Gary Shaw, Peter Withe og Tony Morley. Målvakta Rimmer vart bytta ut allereie i det 10. minutt med Nigel Spink.

Bayern München sitt mannskap bestod av: Manfred Müller, Wolfgang Dremmler, Hans Weiner, Klaus Augenthaler, Udo Horsmann, Reinhold Mathy, Wolfgang Kraus, Paul Breitner (kaptein), Bernd Dürnberger, Dieter Hoeneß og Karl-Heinz Rummenigge. Günter Güttler og Kurt Niedermayer kom på bana etter 51 og 78 minuttars spel, ut gjekk høvesvis Mathy og Kraus.

Finaledommar vart Georges Konrath frå Frankrike.

Kjelder endre