Karl-Heinz Rummenigge

Karl-Heinz Rummenigge (fødd 25. september 1955) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Lippstadt som vart europameister i 1980, og vann VM-sølv både i 1982 og 1986, med Vest-Tyskland. Som klubbspelar hadde han stor suksess som angripar hos FC Bayern München. Både i 1980 og 1981 vart han kåra til årets fotballspelar i Europa.

Karl-Heinz Rummenigge
Personleg informasjon
Fullt namn Karl-Heinz Rummenigge
Fødselsdato 25. september 1955 (68 år)
Fødestad Lippstadt i Vest-Tyskland
Høgd 182 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974-1984 Bayern München 310 (162)
1984-1987 Inter 64 (24)
1987-1989 Servette 50 (34)
Totalt 424 (220)
Landslag
1976-1986 Vest-Tyskland 95 (45)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Rummenigge debuterte for Bayern München i 1974. Våren 1976 var han med i fyrsteellevaren då Bayern tok sin tredje rake siger i Europacupen ved å slå AS Saint-Étienne med 1-0 på Hampden Park i Glasgow. Både i 1980 og 1981 var Rummenigge sentral for Bayern då klubben vann bundesligaen begge åra. Begge sesongane var han toppskårar i den tyske serien, og begge åra var han kåra til å vere Europas beste fotballspelar. Sidan var han med å vinne den tyske cupmeisterskapen både 1982 og 1984.

Sommaren 1984 vart han overført til Inter. Han lukkast ikkje nå sitt gamle bestenivå i Milano-klubben, og var plaga av skadar. Rummenigge avslutta si aktiv tid med to sesongar, 1987-89, i Servette Geneve. Han vart målkonge i sin fyrste sesong for Servette, utan at klubben vann nokon meistertittel.

Landslagsspel endre

Rummenigge fekk sin landslagsdebut 6. oktober 1976, då Vest-Tyskland vann 2-0 over Wales. Frå 1978 til 1986 var han med i samtlege tre fotball-VM og to fotball-EM i perioden. Då Vest-Tyskland vann EM i fotball 1980 vart han kåra til beste spelaren i meisterskapen. Både under VM i fotball 1982 og VM i fotball 1986 var han kaptein for Vest-Tyskland, som ved begge høva spelate seg fram til VM-finale. I 1982 vart det tap 1-3 mot Italia, fire år seinare var det Argentina som vart for sterke og sigra med 3-2. Rummenigge spelte sin 95. og siste landskamp i nettopp 1986-finalen. Han hadde då skåra 45 landslagsmål.

Rummenigge har sidan 2002 vore styreleiar i FC Bayern München.

Kjelder endre