Europameisterskapen på skeiser 1978/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1978 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo laurdag 28. og sundag 29. januar 1978. 30 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Amund Sjøbrend, Sten Stensen, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Finland, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Vest-Tyskland.

Sergej Martsjuk frå Sovjetunionen vart europameister, utan å vere bestemann på nokon distanse. Han vann EM-tittelen framom nordmennene Sten Stensen, Jan Egil Storholt og Kay Stenshjemmet. Stenshjemmet var best av alle løparane på 500 m, Jurij Kondakov det same på 1500 m, medan Stensen sigra på dei to lengste distansane.

Skeise-EM 1978Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Sergej Martsjuk   Sovjetunionen 171,559
  Sten Stensen   Noreg 172,218
  Jan Egil Storholt   Noreg 172,484
4 Kay Stenshjemmet   Noreg 172,785
5 Vladimir Lobanov   Sovjetunionen 174,089
6 Jurij Kondakov   Sovjetunionen 174,171
7 Amund Sjøbrend   Noreg 174,941
8 Vladimir Bjelov   Sovjetunionen 175,219
9 Piet Kleine   Nederland 175,332

Dato: 28./29. januar

KjelderEndra