European Credit Transfer and Accumulation System

ECTS – European Credit Transfer and Accumulation System er eit system for å samanlikne vekt og karakterar på kurs på universitets- og høgskulenivå på tvers av land og institusjonar. ECTS blei først introdusert for å gjere utveksling enklare i samband med Erasmus-programmet, men er i dag innført, eller er i ferd med å bli innført, i ei rekkje europeiske land gjennom Bologna-prosessen.

Systemet baserer seg på at eit fulltids studieår på 1500-1800 timar tilsvarar 60 «credits» («studiepoeng» i Noreg.) Eit ECTS-studiepoeng tilsvarar såleis 25-30 timar arbeid.

ECTS-systemet inneber også at karakterar blir omsett til ein skala frå A-E med F og FX som strykkarakterar. I følgje systemet skal A tildelast dei 10% beste studentane, B dei 25% neste, C dei 30% deretter, dei neste 25% D, og dei dårlegaste 10% får E. Forskjellen mellom F og FX er kor mykje som manglar for at ein står, med FX manglar det litt, med F er det viktige manglar.

Ved innføring av karakterskalaen har ein i Noreg valt kvalitative krav framfor statistisk fordeling og ein nyttar berre ein strykkarakter, F.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre