Bologna-prosessen

Bologna-prosessen er namnet på eit samarbeid mellom europeiske utdanningsministrar frå 45 land. Prosessen søker å skape større mobilitet for studentar og lærarar mellom dei ulike landa sine universitet og høgskular. Målet er å skape eitt felles europeisk område for høgare utdanning (EHEA) innan 2010. Prosessen byggjer på friviljug deltaking frå landa, og har til no vore prega av stor dynamikk.

Bologna-Prozess-Logo.svg

Fleire viktige møte har blitt gjennomført: Bologna i 1999, Praha i 2001, Berlin i 2003, Bergen i 2005 og London i 2007.

Ein av dei aller viktigaste delane av Bologna-prosessen er semja om å dele opp høgare utdanning i tre såkalla syklusar.[1] Syklusane blir gjerne kalla bachelorgrad, mastergrad og doktorgrad.

Ministerane har også bl.a. blitt einige om å bruke studiepoengsystemet ECTS som ein del av Bologna-prosessen.

FotnotarEndra

  1. Bologna Working Group on Qualifications Frameworks (18. februar 2005). «A Framework for Qualifications of the European Higher Education Area» (PDF). Henta 11. september 2008.