Flatøsters

blautdyrart
(Omdirigert frå Europeisk østers)

Flatøsters, vanleg østers eller europeisk østers (Ostrea edulis) er ein østers som førekjem naturlig i austre Atlanterhavet, utanfor kysten av Vest-Europa, omkring Storbritannia og nordover til Noreg og vestkysten av Sverige og i Middelhavet. [2] Gjennom dyrking er flatøsters inført til andre delar av verda, mellom anna USA.

Flatøsters
Flatøsters
Flatøsters
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Underklasse: Pteriomorphia
Orden: Ostreida
Familie: Ostreidae
Slekt: Ostrea
Art: Flatøsters O. edulis
Vitskapleg namn
Ostrea edulis
Flatøsters

Fram til midten av 1800-talet var østersen vanleg langs heile norskekysten.[3] Han var i 2010 rekna som sterkt truga, i 2015 somnær truga og no i 2021 som livskraftig i Noreg.[1]

Raudlistevurdering

endre

Flatøsters er ein varmekjær art som reproduserer i varme område om sommaren. Bestandane varierer ein heil del over tid, men arten er funnen langs kysten i nesten heile Noreg, særleg sør. Det er mangel på data når det gjeld populasjonsstorleik og evt. nedgang eller auke, men direkte observasjonar viser at det sannsynlegvis har vore ein auke i bestandane dei siste åra. Populasjonane blir antatte å vera kraftig fragmentert nord i landet grunna få lokalitetar der det er varmt nok til gyting. Mange av observasjonane her er einskildindivid funne på stader der dei ikkje reproduserer. Larva rører seg nordover med straumen, botnslår og veks opp, men gyter aldri. Varmare klima vil auka reproduksjonen og potensielt bidra til at flatøstersen òg kan trivast i nord.

Fleire truslar er antatt å påverka flatøstersen i Noreg. Påverknad på habitat kan henda, men då lokalt. I tillegg kjem påverknad frå både framande og stedegne artar (eks. predasjon frå sjøstjerner). Den største trusselen når det kjem til framande artar er konkurranse med stillehavsøstersen, Magallana gigas. Effekten av dette er endå ikkje kjent. Det finst ingen data på høsting av østers, men det blir antatt at det er ein pågåande trussel som kan få store konsekvensar dersom det ikkje blir regulert.

Sjukdommane bonamiose og marteiliose blir sedde på som den største trusselen mot flatøsters. I det meste av utbreiingsområdet til arten har dette ført til ein kraftig reduksjon i bestandane, men bestandane i både Noreg og Sverige er førebels fri for desse sjukdommane. Import, gjenutsetting og evt. passiv transport av dyr kan innføra bonamiose til norske bestandar. Dette vil medføra høg døying/bestandsreduksjon på nærast permanent basis.

Konklusjon: Flatøsters blir vurdert til kategori livskraftig LC grunna mangel på data om eventuell bestandsnedgang og pågåande reelle truslar. Det blir likevel påpeika at dette kunnskapsgrunnlaget raskt kan endrast og at dette mogleg kan medføra ei endring i rødlistekategori.[1]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Bakken T, Olsen KM og Skahjem N (24. november 2021). «Bløtdyr: Vurdering av østers Ostrea edulis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «FAO Fisheries & Aquaculture Ostrea edulis», www.fao.org, henta 31. mai 2019 
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.