Ein eutrof innsjø er ein innsjø med høg primærproduksjon og har derfor høgt næringsinnhald. Desse innsjøane har ofte omfattande algevekst, noko som fører til grumsete vatn og dårleg vasskvalitet. Botnvatnet i slike innsjøar er ofte lågt på oksygen og manglar derfor ofte vanlege fiskeartar, som aure, som krev kaldt, oksygenrikt vatn. Oksygenmangelen kjem mest til syne i grunne sjøar på grunn av mindre hypolimnion (dei lågare vassnivå ein vanlegvis finn under termoklinen). Økologar nyttar uttrykket for å skilje produktive innsjøar med tilstrekkeleg eller høgt næringsinnhald frå uproduktive, ogliotrofe vatn, som har lågt næringsinnhald.

Mesotrofe vatn er innsjøar med middels produktivitetsnivå, meir enn ogliotrofe vatn, men mindre enn eutrofe vatn.

Kjelde endre