Even Christensen Ringnæs

Even Christensen Ringnæs (1. desember 17821. juli 1870) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stange i Hedmark. Nils Christensen Ringnæs var bror hans.

Even Christensen Ringnæs
Fødd 1. desember 1782
Stange
Død

1. juli 1870 (87 år)
Stange

Yrke bonde, politikar

Far hans var gardbrukar og gardeigar. Sjølv var han 1806-12 styrar av garden Ajer i Furnes, ein gard far hans eigde. Frå 1812 var han i femti år gardbrukar på farsgarden i Stange. Han var ordførar i heradet i mange år og medlem av forlikskommisjonen 1831-42.

Ringnæs var 2. representant frå Hedemarkens amt på Stortinget 1830. Der var han medlem av næringskomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Stange i 1870.

KjelderEndra