Evmaios
Odyssevs sin grisegjetar og ven i gresk mytologi
Evmaios (gammalgresk Εὔμαιος/Eúmaios)[1] er ein figur frå Odysseen, eit gresk episk dikt av Homer.[2] Han er med frå den fjortande songen (Odyssevs' samtale med Evmaios).
I gresk mytologi var Evmaios Odyssevs sin grisegjetar og ven. Faren hans, Ktesios son til Ormenos, var konge på ei øy kalla Syra (dagens Syros), sjølv om det òg har vorte antyda at Evmaios refererte til Siracusa på Sicilia.[3]
Odyssevs, når han kjem til heim, presenterer seg forkledd som ein tiggar for Evmeios, som tar varmt imot han. Det er i hytta hans Odyssevs avslører den sanne identiteten sin til sonen Telemakos. Grisegjetaren vil då hjelpa Odyssevs med å overvinna belarane, i den store hallen til det kongelege palasset på øya Itaka.
Kjelder
endre- ↑ Graves, Robert (2017). The Greek Myths - The Complete and Definitive Edition (på engelsk). Penguin Books Limited. s. 94. ISBN 9780241983386.
- ↑ Homer, nynorsk omsett av Arne Garborg (1918). Odysseen. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).
- ↑ Samuel Butler (14. april 2015). Delphi Complete Works of Samuel Butler (Illustrated) (på engelsk). Delphi Classics. s. 3206–. ISBN 978-1-910630-86-0.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Eumée» frå Wikipedia på fransk, den 9. september 2022.