Explorer 3 var ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 26. mars 1958 i ein eksentrisk bane med ein Juno-rakett.

Føremåla med Explorer 3 var eit framhald av utrøyningane byrja med Explorer 1. Satellitten hadde med seg eit Geiger-Müller-rør for å telja kosmisk stråling og eit instrument som var var på mikrometeoroittar. Satellitten vog 14,1 kilogram.

Explorer 3 var spinnstabilisert og hadde ein bandinnspelar om bord for å kunna gje ein heil strålingshistorikk for kvar bane kring jorda.

Kort tid etter oppskyting vart det oppdaga at Explorer 3 hadde ei snublande rotasjonsrørsle med ein periode på rundt 7 sekund. Explorer 3 gjekk inn i jordatmosfæren 27. juni 1958, 93 dagar etter oppskyting.

Kjelder endre