Opna hovudmenyen

Fánis Gékas

gresk fotballspelar

Theofánis Gékas, betre kjend som Fánis Gékas (fødd 23. mai 1980 i Lárisa i Thessalía) er ein gresk fotballspelar som spelar som spiss for Samsunspor i tyrkisk Süperlig og for det greske landslaget. Han har spelt for ei rekkje klubbar i Tyskland, England og Hellas, og skreiv under for Samsunspor 7. januar 2012. Han var toppskårar i den greske toppdivisjonen i 2004/05-sesongen då han spelte for dei to klubbane Kallithéa og Panathinaikós, og toppskårar i tysk Bundesliga i 2006/07-sesongen medan han spelte for Bochum. Han var òg toppskårar i Europa under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010, med ti landslagsmål for Hellas under VM-kvalifiseringa. I 2007/08-sesongen var han Bayer Leverkusen sin toppskårar i Bundesliga med 11 seriemål. Han debuterte for Hellas sitt landslag i mars 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Albania.

Fánis Gékas
Gekas.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Theofánis Gékas
(gresk: Θεοφάνης Γκέκας)
Kallenamn Fánis Gékas
(gresk: Φάνης Γκέκας)
Fødd 23. mai 1980
Fødestad Lárisa
Høgd 179 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Samsunspor
Ungdomsklubbar
1997-98
1998
Hellas Toxotis
Hellas Lárisa
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2001
2001-05
2005-07
2006-07
2007-10
2009
2010
2010-2012
2012-
Hellas Lárisa
Hellas Kallithéa
Hellas Panathinaikós
Tyskland Bochum (lån)
Tyskland B. Leverkusen
Flag of England.svg Portsmouth (lån)
Tyskland Hertha B. (lån)
Tyskland E. Frankfurt
Tyrkia Samsunspor
61 (16)
100 (44)
41 (23)
32 (20)
50 (13)
1 (0)
17 (6)
48 (23)
Landslag
2005- Hellas Hellas 55 (21)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. januar 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 8. januar 2012