Fåberg prestegard
61°9′41.84″N 10°21′56.78″E / 61.1616222°N 10.3657722°E
Fåberg prestegard ligg om lag 300 meter vest for Fåberg kyrkje. Det har vore prestegard på staden sidan mellomalderen[1]. Det fiskarkapellet som no står på Maihaugen, vart ifylgje tradisjonen flytta til prestegarden frå Øyra ved Gudbrandsdalslågen omkring reformasjonen.[2] Bygningen stod her til Anders Sandvig kjøpte materialane og flytta han.
Prestegardsbygningane av i dag er av noko nyare dato. Våningshuset frå 1838 og stabburet frå 1898 er freda.[3] Våningshuset er i dag forpaktarbustad etter at ein tidlegare forpaktarbustad vart riven i samband med ei veiutviding, og presten har fått ny bustad.[4]
Kjelder
endre- Skre, Dagfinn (1988). Gård og kirke, bygd og sogn. Organiseringsmodeller og organiseringsenheter i middelalderens kirkebygging i Sør-Gudbrandsdalen. Øvre Ervik: Alvheim & Eide. s. 69-71. ISBN 82-90359-44-6. [Riksantikvarens rapporter 16]
Bakgrunnsstoff
endre- Aksel Hattestad: Prestegården (gnr. 162) (Fåberg og Lillehammer historielag)
- Fåberg prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
endre- ↑ Skre (1988), s. 67
- ↑ Skre (s. 69) viser til ei innskrift i kallsboka for Fåberg frå 1759 som han tolkar som ei intern flytting av kapellet på prestegardstomta.
- ↑ Kulturminnesøk.
- ↑ Opplysningsvesenets fond, arkivert frå originalen 4. september 2018, henta 4. september 2018
- Denne artikkelen bygger på «Fåberg prestegård» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2014.