Fårikål
Fårikål eller får i kål er ein matrett av sauekjøt eller lammekjøt, hovudkål og heil svart pepar som er kokt saman i ei gryte. Andre ingrediensar er kveitemjøl som gjer krafta fyldigare, og salt etter smak. Fårikål blir servert med kokte poteter. I Noreg et folk tradisjonelt fårikål om hausten, når kålen er hausta og lamma er komne frå beite.
Fårikål er i Noreg omtalt i kokebøker attende til 1800-talet.[1] Den kanskje eldste trykte oppskrifta på ein rett av denne typen er frå Fuldstændig Norsk Kogebog av Karen Dorothea Bang frå 1835, der oppskrifta «Nedlagt Gaas i Hvidkaal» er som til fårikål. Oppskrifta antyder at ein kan bruka fårekjøt i staden for gås.
I radioprogrammet Nitimen kåra lyttarane i 1972 fårikål til norsk nasjonalrett.[2][3] Sidan 1993 har Opplysningskontoret for egg og kjøt drive foreininga «Fårikålens venner» som skal fremje fårikål som Noregs nasjonalrett.[4] Opplysningskontoret for kjøtt etablerte i 1997 også fårikålens dag som vert markert siste torsdagen i september kvart år.[5]
Referansar
endre- ↑ Fårikålens venner / Historie, arkivert frå originalen 27. september 2013, henta 25. september 2013
- ↑ Margot Loe. «Fårikål - Norges nasjonalrett». matprat.no. Henta 25. september 2013.
- ↑ «Nasjonalretten feirer 40 år». Namdalsavisa. 26. september 2012. Henta 25. september 2013.
- ↑ Fårikålens venner, arkivert frå originalen 27. september 2013, henta 25. september 2013
- ↑ «Fårikålens Festdag». Farikal.no. 4. oktober 2010. Arkivert frå originalen 4. oktober 2010. Henta 4. oktober 2010.