Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå peparfamilien.
Ulike typar peparkorn.

Pepar (av norrønt piparr frå latin piper, opphavleg frå dravidisk pippali) er ei nemning på krydder frå ulike plantar som vert nytta til å gje sterk smak til mat. Den best kjende typen i Noreg er svart pepar, som kan gje svarte, kvite eller grøne peparkorn. Pepar frå andre planteslag kan vera raud pepar (kajennepepar) og andre typar chilipepar, rosa pepar (peruviansk pepar, karibisk pepar) og sichuanpepar (szechuanpepar).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Pepar
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.