Fôrskolm
Fôrskolm
Fôrskolm
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Fabeae
Slekt: Erteknappslekta Lathyrus
Art: Fôrskolm L. sativus
Vitskapleg namn
Lathyrus sativus

Fôrskolm (Lathyrus sativus) er ein vanleg belgplante som blir dyrka i Asia og Aust-Afrika, og eten av både menneske og husdyr. Han er ein spesielt viktig plante i område som er utsett for tørke og hungersnaud, og blir sett på som ei «forsikring» sidan han ofte gjev stabile avlingar sjølv når alle andre avlingar sviktar.

Blomen av fôrskolm.

Fôrskolm blir også eten i Italia og Spania, der mjøl frå belgfrukta blir brukt i den tradisjonelle retten gachas manchegas.

Å eta større mengder fôrskolm over lengre tid kan vera skadeleg. Frøa inneheld variable mengder av aminosyra ODAP, ei nervegift.[1]

Kjelder endre

  1. S.L.N. Rao; P.R. Adiga; P.S. Sarma (1964). «The Isolation and Characterization of β-N-Oxalyl-L-α,β-diaminopropionic acid: A Neurotoxin from the Seeds of Lathyrus sativus». Biochemistry 3 (3): 432–436. doi:10.1021/bi00891a022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fôrskolm