Føderalistpartiet i USA

Det amerikanske Føderalistpartiet var eit politisk parti som stod sterkt i den tidlege soga om USA. Stordomstida til partiet var mellom 1794 og 1826, og ein rad med tidlege amerikanske presidentar var tilslutta partiet. I desse åra stod partiet i motsetnad til republikanar-demokratane, som ikkje hadde skild lag enno. Partiet vart skipa av Alexander Hamilton og krinsen hans. Hamilton og venene hans ønskte ein sterk sentralstyring i den nye unionen, og om lag 1794 tok avisene til å kalle krinsen hans for "føderalistar". Dette namnet vart hengande ved partiet. Som rådgjevar for George Washington fekk partiet sterkt gjennomslag i den første regjeringa, og neste presidenten, John Adams, slutta seg til partiet. Samstundes var Adams uavhengig og ville ta eigne avgjerder som ikkje støtt høvde med Hamilton sine tankar, og desse to kom snøgt i trette.

Etter at Hamilton døydde i 1804 mista partiet gradvis tilslutting, sjølv om det lenge stod sterkast nord i landet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.