Alexander Hamilton
amerikansk økonom
Alexander Hamilton (11. januar 1757–12. juli 1804) var ein amerikansk politikar, ein av dei amerikanske grunnlovsfedrane, og den første finansministeren i USA. Han har mellom anna æra for å ha oppretta den amerikanske nasjonalbanken. Hamilton skipa og Det amerikanske føderalistpartiet. Hamilton var hovudmannen bak dei amerikanske føderalistpapira som vart grunnlaget for den amerikanske grunnlova. Elles var Hamilton militær rådgjevar for George Washington under den amerikanske sjølvstendekrigen, og stod støtt høgt i vørdnad hjå Washington for denne tenesta. Hamilton mista livet i duell med Aaron Burr, visepresidenten til Thomas Jefferson.
Alexander Hamilton | |||
| |||
Fødd | 11. januar 1757 Charlestown | ||
---|---|---|---|
Død | 12. juli 1804 (47 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Yrke | samfunnsøkonom, filosof, militær, politikar, Adjutant, offiser, skribent, forretningsdrivande, advokat | ||
Institusjonar | USAs finansdepartement | ||
Utdanna ved | Columbia College Columbia University Benicia High School | ||
Mor | Rachel Faucitt Lavien | ||
Far | James A. Hamilton | ||
Barn | Philip Hamilton, Angelica Hamilton, Alexander Hamilton Jr., James Alexander Hamilton, William S. Hamilton, Eliza Hamilton Holly, Philip Hamilton, John Church Hamilton | ||
Medlem | American Philosophical Society American Academy of Arts and Sciences New York Manumission Society | ||
Alle verv |