Eit fødselsnummer er eit ellevesifra registreringsnummer som alle norske innbyggarar får tildelt av staten. Nummeret skil enkeltpersonar frå kvarandre. Fødselsnummer vart innført i 1964 og vert administrert av Skatteetaten. Alle som er busette i Noreg og innførte i folkeregisteret, har enten eit fødselsnummer eller eit D-nummer.

Ifølgje personopplysningslova kan ein berre bruke fødselsnummer når det er sakleg behov og når ein ikkje kan oppnå tilfredsstillande personidentifikasjon ved bruk av andre metodar, som til dømes namn, adresse, fødselsdato, medlems- eller kundenummer.

Oppbygging endre

Eit fødselsnummer består av 11 siffer fordelt på to hovuddelar: fødselsdato (seks siffer) og personnummer (fem siffer).

  • Dei seks første siffera viser normalt fødselsdato: dag, månad og år. Unntaka gjeld D-nummer og H-nummer, sjå nedanfor.
    • Siffer 1 og 2 er dag i månad (01–31).
    • Siffer 3 og 4 er månad i året (01–12).
    • Siffer 5 og 6 er dei to siste siffera i årstalet (00–99).
  • Dei fem siste siffera vert kalla personnummer.
    • Dei tre første siffera i personnummeret er individsiffer. På 1900-talet vart denne inndelinga brukt:
      • 000–499 omfattar personar fødde i 1900 eller seinare.
      • 500–749 omfattar personar fødde i 1899 eller tidlegare
      • 750–999 omfattar somme særtilfelle, som framand arbeidskraft, adopsjon o.l.
    • Etter år 2000 har det vore gjort somme endringar som gjeld individsiffer, og gjeldande inndeling per juli 2005 er slik:
      • 000–499 omfattar personar fødde i perioden 1900–1999.
      • 500–749 omfattar personar fødde i perioden 1855–1899.
      • 500–999 omfattar personar fødde i perioden 2000–2039.
      • 900–999 omfattar personar fødde i perioden 1940–1999.
    • Det tredje sifferet i personnummeret viser kjønn: kvinner har partal, menn har oddetal.
    • Dei to siste siffera i personnummeret er kontrollsiffer og vert utrekna frå dei ni fremste siffera.

For individsiffer kan altså nummerserien 900–999 bli bruka både for personar fødde i perioden 1940–1999 og for personar fødde i perioden 2000–2039. Personar som er fødde i 2000 eller seinare kan på si side verte tildelt ledige nummer i serien 500–749 sidan det neppe vil bli nokon auke av personar fødde i perioden 1855–1899. I den nye inndelinga ligg òg at fødselsnummersystemet må leggjast om seinast år 2039.

Kontrollsiffera er ein sjekksum rekna ut frå di ni første sifra. Siffera vert multipliserte med kvart sitt tal, og resultata verd summerte og delte 11. Kontrollsifferet er da 11 minus resten av den siste divisjonen, med eitt unntak: dersom resten er 0 og ein endar opp med 11 − 0 er kontrollsifferet 0, og ikkje 11. Om dei 9 første siffera av eit personnummer er d1 d2 m1 m2 å1 å2 i1 i2 i3, er første kontrollsiffer:

k1 = 11 - ((3 × d1 + 7 × d2 + 6 × m1 + 1 × m2 + 8 × å1 + 9 × å2 + 4 × i1 + 5 × i2 + 2 × i3) mod 11),

der mod er modulusfunksjonen. Tilsvarande er det andre kontrollsifferet:

k2 = 11 - ((5 × d1 + 4 × d2 + 3 × m1 + 2 × m2 + 7 × å1 + 6 × å2 + 5 × i1 + 4 × i2 + 3 × i3 + 2 × k1) mod 11).

I prinsippet kan formlane for kontrollsiffera gje 10 som resultat for k1 og k2. Sidan kontrollsiffera er definerte som berre eitt siffer, vart slike personnummer forkasta.

D-nummer endre

Eit D-nummer er ellevesifra, som ordinære fødselsnummer, og bygd opp av ein modifisert sekssifra fødselsdato og eit femsifra personnummer. Fødselsdatoen er modifisert ved at talet 4 er lagt til første sifferet: ein person fødd 1. januar 1980 får dermed fødselsdato 410180, medan ein som er fødd 31. januar 1980 får 710180.

Når ein innvandrar skal få tildelt fødselsnummer, får han ofte først eit mellombels D-nummer. D-en kjem av at systemet opphavleg var knytt til utanlandske og utanlandsbuande sjøfolk på norske skip: Direktoratet for sjømenn. For utlendingar som har lovleg opphald i Noreg, vert dette bruka i samband med skatt og offentlege tenester.

Det femsifra personnummeret vert ikkje gjeve i seriar, men tildelt fortløpande. Barn som er fødde i Noreg, vert tildelt regulært fødselsnummer så raskt som råd. Utlendingar vert normalt tildelt slikt nummer etter seks månader dersom dei søkjer om det.

H-nummer endre

Eit H-nummer er ellevesifra, som ordinære fødselsnummer, og bygd opp av ein modifisert sekssifra fødselsdato og eit femsifra personnummer. Fødselsdatoen er modifisert ved at det tredje sifferet er tillagt 4: ein person fødd 1. januar 1980 får dermed fødselsdato 014180, medan ein som er fødd 31. januar 1980 får 314180.

Eit H-nummer er eit hjelpenummer, brukt på ein person ein ikkje kjenner fødselsnummer eller D-nummer for. Slike nummer vert m.a. bruka innan helsevesenet i elektroniske pasientjournalar.

Andre land endre

Mange andre land har også tilsvarande nummer. Sverige har Personnummer, Danmark har CPR-nummer, Finland har Personbeteckning, Storbritannia har National Insurance number, USA har Social Security number, Island har Kennitala, Italia har Codice fiscale, og så vidare.

Kjelder endre

Artikkelen vart omsett frå bokmål Fødselsnummer 3.11.2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene: * Ernst S. Selmer: "Personnummerering i Norge: Litt anvendt tallteori og psykologi", Nordisk matematisk tidsskrift 12, Oslo 1964.

  • Hjelpenummer for personar uten kjent fødselsnummer, Torbjørn Nystadnes, Kompetansesenter for IT i helsevesenet AS (KITH). KITH-rapport, Rapportnummer 11/98, ISBN 82-7846-051-5, 1998-12-11.
  • Fødselsnummeret, oppbygging - kontrollsiffer - løsning etter år 2000. Brosjyre fra Skattedirektoratet.
  • Skattedirektoratet, Sentralkontoret for folkeregistrering.

Bakgrunnsstoff endre