Følehorn
Følehorn eller antenner er, hjå leddyr og nærskylde organismar, eit sett føleorgan som sit framme på hovudet. Ein tenkjer seg, ut frå mellom anna larveutvikling og genetikk, at dei er utvikla frå eit sett primitive gang- eller symjebein. Krepsdyr har to par følehorn, medan insekt og mangefotingar har eitt par.
Insekt
endreFølehorna til insekta består av tre grunnleggjande delar: stilken (scapus) og pedicelen dannar protopoda, og ein «pisk» (flagellum eller postpedicel) dannar telopoda. Dette er dei same namna som vert nytta om dei vanlege lemmane til leddyr. Protopoda er alltid inst mot hovudet og fungerer som skaft for resten av antenna. «Pisken» består oftast av fleire ledd, og kan variera enormt i form. Sjå elles bilete for eit inntrykk av variasjonen som finst.
Flygande insekt har i liten grad musklar inne i telopoda si, og kontrollerer ho heller med muskelgrupper som veks ved piskerota. Andre grupper seksfotingar har som regel i større grad fullt ut muskuløse følehorn, bortsett frå proturane som har fått dei reduserte til rester.
Krepsdyr
endreKrepsdyr har to par følehorn. Det første paret vert kalla antennuler og er uniramt, det vil seie einskildståande, medan det andre paret vert kalla antenner og er biramt (dei delar seg i to like etter antennerota). For det meste er desse følehorna sanseorgan, men på naupliuslarvestadiet vert dei òg nytta til å symje og ta til seg føde med.
Kjelder
endre- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
- Denne artikkelen bygger på «Antenna_(biology)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2008.