Opna hovudmenyen

Aa paaskedag, du høgtidsstund,
Du glede-vell i hjartegrunn,
For Krist hev siger vunne!

J.N.Skaar etter latinsk mellomaldersalme,
Nynorsk salmebok nr 263

Påskedagen er den fremste festdagen i den kristne kyrkja.

I Noreg fell påskedagen i følgje § 2 bokstav e i Lov om helligdager og helligdagsfred frå 2011 på første søndag etter første fullmåne som fell på eller etter 21. mars.

Påskedagen feirar kyrka bodskapen som i følgje evangelia først vart gjeven av nokre kvinner blant Jesu læresveinar: Dei gjekk for å sjå til Jesu grav, men fann ho tom. Jesus var oppstaden frå dei døde. Evangeliet - den glade bodskapen - vert lesen ved alle gudstenestene.

Påskedagen vert symbolisert på mange vis - viktigast er den tomme krossen og det sigrande lammet.

Påskedagen følgjer etter ei 40 dagar lang fastetid, og innleier ei kyrkjeleg festtid, med kvit som liturgisk farge.

SkikkarEndra

Mange av dei som har overheldt fastetida feirar no med ein kjøttmiddag, spesielt er det vanleg å ete lam.

I mange land får barn påskeegg på påskedagen. Skikkane omkring dette varierer; i nokre land får dei papp- eller plastegg fylt med godteri, medan andre gøymer sjokoladeegg (lagt av påskeharen) som barna kan leite etter. Som mange andre kyrkjelege høgtider, vert dei i Noreg ofte feira frå kvelden i forvegen. Så òg med påskeegga.