FA-cupfinalen i fotball 1956
FA-cupturneringa i fotball 1956 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 5. mai 1956. Framfor 100 000 tilskodarar vann Manchester City FA-pokalen etter siger 3–1 over Birmingham City.
Kampen
endreManchester City kom framom då Joe Hayes skåra allereie i det 3. minutt, men Noel Kinsey skaffa balanse i stillinga etter 15. minutt. Vel eit kvarter ut i andre omgang kom to kjappe skåringar frå Manchester City-løparane Jack Dyson og Bobby Johnstone. Dermed vann Manchester City FA-trofeet for tredje gong, medan Birmingham i sin andre FA-cupfinale på ny måtte tole tap. Finalen vert særleg hugsa for den heltemodige innsatsen til Manchester City-målvakta, Bert Trautmann, som trass i at han braut eit bein i nakken då han kolliderte med ein Birmingham-spiss, fullførte kampen.
Vinnarlaget til Manchester City bestod av: Bert Trautmann, Bill Leivers, Roy Little, Ken Barnes, Dave Ewing, Roy Paul (kaptein), Bobby Johnstone, Joe Hayes, Don Revie, Jack Dyson og Roy Clarke.
Birmingham mønstra: Gil Merrick, Jeff Hall, Ken Green (kaptein), Johnny Newman, Trevor Smith, Len Boyd, Gordon Astall, Noel Kinsey, Eddy Brown, Peter Murphy og Alex Govan.
Domaren heitte Alf Bond.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1956 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2022.