FA-cupfinalen i fotball 1964

FA-cupturneringa i fotball 1964 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 2. mai 1964. Framfor 90 000 tilskodarar vann West Ham United frå London klubbens aller fyrste FA-pokal ved å slå andredivisjons-laget Preston North End med 3 mot 2.

KampenEndra

Doug Holden sende Preston i føringa i det 10. minutt av kampen, omgåande utlikna John Sissons. Fem minutt før pausesignalet gjekk Preston opp til 2-1 ved Alex Dawson. Sju minutt ut i andre omgang utlikna Geoff Hurst. Berre sekund før ordinær tid var ute, var Ronnie Boyce frampå og stussa eit innlegg forbi ein forsvarar og målvakta i mål.

West Ham sitt vinnarlag: Jim Standen, John Bond, Ken Brown, Bobby Moore (kaptein), Jack Burkett, Eddie Bovington, Peter Brabrook, Ronnie Boyce, Johnny Byrne, Geoff Hurst, John Sissons.

Preston stilte med: Alan Kelly, George Ross, Jim Smith, Nobby Lawton (kaptein), Tony Singleton, Howard Kendall, Dave Wilson, Alec Ashworth, Alex Dawson, Alan Spavin og Doug Holden.

Arthur Holland dømde kampen.

KjelderEndra