FA-cupfinalen i fotball 1992
FA-cupturneringa i fotball 1992 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 9. mai 1992, med om lag 79 544 tilskodarar til stades. Liverpool FC sikra seg sin femte FA-pokal, etter siger 2–0 over andredivisjons-laget Sunderland AFC.
Kampen
endreEtter ein mållaus fyrste omgang, kom Liverpool i føringa allereie i det andre minuttet av andre omgang. Michael Thomas skåra på halv-volley. Ian Rush la på til 2–0 midtvegs i omgangen.
Vinnarmannskapet til Liverpool FC bestod av Bruce Grobbelaar, Rob Jones, Steve Nicol, Mark Wright (kaptein), David Burrows, Ray Houghton, Jan Mølby, Michael Thomas, Steve McManaman, Dean Saunders og Ian Rush.
Sunderland mønstra: Tony Norman, Gary Owers, Kevin Ball, Gary Bennett, Anton Rogan, David Rush, Paul Bracewell (kaptein), Gordon Armstrong, Peter Davenport, John Byrne og Brian Atkinson. I 69. minutt kom Paul Hardyman inn for Rush og i det 77. minutt kom Warren Hawke inn for Armstrong.
Dommaren heitte Philip Don.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1992 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2021.