FA-cupfinalen i fotball 2009
FA-cupfinalen i fotball 2009 fann stad på Wembley stadion i London 30. mai 2009, med 89 391 tilskodarar på tribunane. Finalen stod mellom London-laget Chelsea FC og Everton FC frå Liverpool og enda med siger 2–1 til Chelsea.
Kampen
endreEverton tok leiinga 25 sekund ut i kampen. Louis Saha fekk ballen etter ein hovudduell i feltet og frå 14-15 meter smekka han ballen i næraste hjørne. Chelsea-spissen Didier Drogba syrgde for balanse stillinga då han i det 21. minutt stanga eit innlegg frå venstre ned i bortre hjørne. I det 72. minutt finta Frank Lampard vekk ein Everton-spelar og frå 22-23 meter sende han avgarde eit skot mot lengste hjørne, utakbart for målvakta.
Chelsea-laget bestod av: Petr Čech, José Bosingwa, Alex Costa, John Terry (kaptein), Ashley Cole, Michael Essien, Mikel John Obi, Frank Lampard, Nicolas Anelka, Didier Drogba, Florent Malouda. Michael Ballack spelte siste 30 minutta i staden for Essien.
Everton stilte med Tim Howard, Tony Hibbert, Joseph Yobo, Joleon Lescott, Leighton Baines, Leon Osman, Phil Neville (kaptein), Steven Pienaar, Tim Cahill, Marouane Fellaini, Louis Saha. Hibbert gjekk ut i pausa, inn kom dansken Lars Jacobsen. Etter Chelsea tok leiinga kom fyrst James Vaughan og deretter Dan Gosling i spel, ut for Saha og sidan Osman.
Howard Webb var dommar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2009 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2021.