Michael Ballack
Michael Ballack (fødd 26. september 1976 i Görlitz i Sachsen i det dåverande DDR) er ein tysk fotballspelar. Sesongen 2010/11 spelte han for Bayer Leverkusen i Bundesliga. Grunna allsidigheit, god teknikk og hovudstyrke vert han rekna som ein av dei beste midtbanespelarane i verda.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Michael Ballack | ||
Fødd | 26. september 1976 | ||
Fødestad | Görlitz | ||
Høgd | 189 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayer Leverkusen | ||
Nummer | 13 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1983-86 1986-90 1990-95 |
BSG Motor "Fritz Heckert2 Karl-Marx-Stadt Karl-Marx-Stadt Chemnitz | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-97 1997-99 1999-2002 2002-06 2006-10 2010- |
Chemnitz Kaiserslautern Bayer Leverkusen Bayern München Chelsea Bayer Leverkusen |
49 (10) 46 (4) 79 (27) 107 (44) 105 (17) 0 (0) | |
Landslag | |||
1996-98 1999- |
Tyskland U21 Tyskland |
19 (7) 98 (42) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |
Karriere
endreMichael Ballack spelte først fotball som sjuåring i BSG Motor Karl-Marx-Stadt. Han vart profesjonell i 1995 i Chemnitz FC. Frå 1997 til 1999 spelte han for 1.FC Kaiserslautern, frå 1999 til 2002 for Bayer 04 Leverkusen og frå 2002 til 2006 for FC Bayern München. Han har teikna treårskontrakt for Chelsea frå og med 2006/07-sesongen. Sidan kontrakten hans med Bayern München hadde gått ut, går han til Chelsea vederlagsfritt. Ballack vart tysk seriemeister i 1998, 2003, 2005 og 2006 og var med å vinna den tyske cupen i 2003, 2005 og 2006.
Han spelte sin første landskamp 28. april 1999 i Bremen i eit 0–1-nederlag mot Skottland. Sidan då har han spelt 98 landskampar og scora 42 mål for det tyske landslaget (pr. 3. mars 2010). I fotball-VM i 2002 var han med å vinna sølv, men i finalen var han utestengt etter å ha fått sitt andre gule kort for turneringa i semifinalen mot Sør-Korea. Få minutt etter å ha fått det gule kortet scora han golden goal-målet som sende Tyskland til finalen. Ballack var òg med i fotball-EM i 2000, 2004 og 2008 og fotball-VM i 2006. Han gjekk glipp av fotball-VM i 2010 grunna skade i okla.
Under landslagstrenar Jürgen Klinsmann vart Ballack 16. august 2004 kaptein for det tyske landslaget. Både på det tyske landslaget og for Bayern München har Ballack alltid spelt med nummer 13 på ryggen.
Michael Ballack er ugift og far til tre søner: Louis (fødd 16. august 2001), Emilio (19. september 2002) og Jordi (17. mars 2005). Mor til barna er livsledsagaren hans, Simone Lambe (fødd 1978).
Karrieren i tal
endre- 1995-97 - Chemnitz - 49 kampar, 10 mål
- 1997/98 - Kaiserslautern - 16 kampar, 0 mål
- 1998/99 - Kaiserslautern - 30 kampar, 4 mål
- 1999/00 - Bayer Leverkusen - 23 kampar, 3 mål
- 2000/01 - Bayer Leverkusen - 27 kampar, 7 mål
- 2001/02 - Bayer Leverkusen - 29 kampar, 17 mål
- 2002/03 - Bayern München - 26 kampar, 10 mål
- 2003/04 - Bayern München - 28 kampar, 7 mål
- 2004/05 - Bayern München - 27 kampar, 13 mål
- 2005/06 - Bayern München - 26 kampar, 14 mål
Merittar
endre- 2002, 2003 og 2005 vart Ballack kåra til årets spelar av tyske fotballjournalistar.
- 2002 vart han kåra til beste midtbanespelar av UEFA.
- Bundesligameister: 1997/98, 2002/03, 2004/05, 2005/06
- Tysk cupmeister: 2002/03, 2004/05, 2005/06
- Fotball-VM: Tapande finalist 2002
- Champions League: Tapande finalist 2001/02, 2007/08
Bakgrunnsstoff
endre- Michael Ballack si heimeside Arkivert 2006-07-05 ved Wayback Machine. (tysk og engelsk)
- Leverkusen who's who