FA-cupfinalen i fotball 2011

FA-cupfinalen i fotball 2011 fann stad på Wembley stadion i London 14. mai 2011, med 88 643 tilskodarar på tribunane. Finalen stod mellom Manchester City og finaledebuterande Stoke City. Manchester City vann 1 – 0 og sikra seg FA-pokalen for fyrste gong sidan 1969.

KampenEndra

Lagoppstillingane med Manchester City i lyseblått

I det 74. minutt banka ivorianaren Yaya Touré ballen i mål frå 10 meters hald og vart matchvinnar for Manchester City.

Manchester City sitt vinnarlag bestod av: Joe Hart, Micah Richards, Vincent Kompany, Joleon Lescott, Aleksandar Kolarov, Nigel de Jong, Yaya Touré, Gareth Barry, David Silva, Mario Balotelli, Carlos Tevez (kaptein). Adam Johnson spelte vel eit kvarter i staden for Berry. Pablo Zabaleta og Patrick Vieira kom innpå i sluttminutta, ut gjekk Tevez og Silva.

KjelderEndra