FA-cupfinalen i fotball 2014

FA-cupfinalen i fotball 2014 fann stad på Wembley stadion i London den 17. mai, med 89 345 tilskodarar på tribunane. Etter 120 minuttars spel kunne kapteinen på Arsenal FC heve pokalen, då London-laget hadde sigra med 3 mot 2 over Hull City, ein klubb som aldri tidlegare hadde delteke i ein FA-finale.

KampenEndra

Lagoppstillingane med Arsenal i raudt

Allereie 8 minutt ut i kampen leia Hull 2 – 0, etter skåringar av James Chester og lagkaptein Curtis Davies. Spanske Santi Cazorla reduserte for Arsenal i det 17. minutt på eit frispark i motsett kryss. Fyrst 20 minutt før ordinær tid var ute, bringa franske Laurent Koscielny balanse i stillinga. Kampen gjekk til ekstraomgangar, og vart avgjort då Aaron Ramsey i det 109. minutt vart spelt fri og flukta ballen lavt i næraste hjørne frå 12-14 meter.

Arsenal sitt vinnarlag: Łukasz Fabiański, Bacary Sagna, Per Mertesacker, Laurent Koscielny, Kieran Gibbs, Mikel Arteta (kaptein), Aaron Ramsey, Santi Cazorla, Mesut Özil, Lukas Podolski, Olivier Giroud. Yaya Sonogo tok over for Poldolski då kampen var ein time gammal, Tomáš Rosický og Jack Wilshere spelte andre ekstraomgang i staden for Cazorla og Özil.

Lee Probert dømde kampen.

KjelderEndra