Mesut Özil

tysk fotballspelar

Mesut Özil (fødd 15. oktober 1988 i Gelsenkirchen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar, som i 2014 spela for Arsenal i engelsk Premier League, og det tyske landslaget. Han har tyrkisk opphav og kunne òg ha valt å spela for det tyrkiske landslaget, men valde det tyske.[1] Han debuterte i Bundesliga som 17-åring, 12. august 2006 for Schalke 04 frå heimbyen Gelsenkirchen, i ein kamp mot Eintracht Frankfurt. I 2008 gjekk han over til Werder Bremen. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2012. I 2014 vann han FA-cupen med Arsenal. Han var med på å vinna U21-EM med Tyskland i 2009. Han debuterte for det tyske A-landslaget i ein venskapskamp mot Noreg 11. februar 2009, der Tyskland tapte.

Mesut Özil
Personleg informasjon
Fødd 15. oktober 1988 (36 år)
Fødestad Gelsenkirchen
Høgd 182 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Arsenal
Nummer 11
Ungdomsklubbar
1995-98
1998-99
1999-2000
2000-05
2005-06
Tyskland Westfalia 04 Gelsenkirchen
Tyskland Teutonia Schalke-Nord
Tyskland Falke Gelsenkirchen
Tyskland Rot-Weiss Essen
Tyskland Schalke 04
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-08
2008-10
2010-13
2013-
Tyskland Schalke 04
Tyskland Werder Bremen
Spania Real Madrid
Arsenal
30 (0)
71 (13)
105 (19)
26 (5)
Landslag
2007-09
2009-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
16 (5)
55 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Referansar

endre
  1. «Mesut Ozil 100% committed to Germany». goal.com. Henta 18. februar 2009.