FM-radio

(Omdirigert frå FM radio)

FM-bandet er eit kringkastingsband i VHF-området, frå 87,5 til 108 MHz.

FM-bandet heiter så fordi ein berre sender radiofoni som frekvensmodulasjon (FM) av berebølgja. Radiofoni med frekvensmodulasjon har den fordelen i høve til amplitudemodulasjon (AM), som var kjent som langbølgje-, mellombølgje- og kortbølgjebanda på dei gamle radioapparata, at det vert mindre støy og forvrenging av lyden. Ulempen med FM er at modulasjonsmetoden krev ei større bandbreidd for radiokanalane, og at rekkevidda er mykje mindre.

Noreg endre

I Noreg er FM-bandet organisert mellom anna i fem landsdekkande løyver til sendingar på dette bandet, kalla FM1 til FM5. Dei tre første vart brukte av NRK P1 til P3 fram til 2017, men då gjekk NRK over til DAB-radio.

I tillegg til dei riksdekkjande løyvene er Noreg òg delt opp i 140 område for lokalradio på FM.[1]

Referanser endre

  1. Post- og teletilsynet: FM-radio i Norge Besøkt 28. april 2014