FS «Marjata» (2016)
FS «Marjata» er eit norsk forskingsfartøy for Forsvaret som blei teke i bruk i 2016. Skipet blei bygd i Romania og Romsdal og militærteknisk utrusta i USA.[1][2] Det blei døypt 6. desember 2014 av statsminister Erna Solberg.[3]
FS «Marjata» | ||||
---|---|---|---|---|
Karriere i Noreg
|
||||
Type: | Forskingsskip | |||
Bestilt: | 2010 | |||
Verft: | Vard Langsten | |||
Sett i teneste: | 2016 | |||
Identifisering: | IMO-nummer: 9648659 | |||
Dekkbreidde: | 24 meter} |
Stortinget bevilga penger til å investera i eit nytt etterretningsfartøy i 2009.[4] Forsvarets logistikkorganisasjon lyste ut prosjektet i 2011, og selskapet Vard Langsten (no del av Fincantieri) blei gjeven kontrakten etter å ha konkurrert med fleire andre norske verft om oppdraget.[5] Skroget er bygd ved Vard Tulcea i Romania, medan Vard Langsten i Tomrefjorden i Romsdal ferdigstilte skipet.
Den tekniske utrustninga fann stad frå april til november 2015 ved ein amerikansk orlogsstasjon i Virginia.[6]
Skipet er det fjerde i rekka som har namnet «Marjata». Det første var operativt i perioden 1966–1975, det andre i perioden 1976–1995 og det tredje frå 1995. Tidlegare er desse skipa blitt kalla forskningsskip, men FS «Marjata IV» er det fyrste som også offisielt driv etterretning.[7]
Skipet har verken våpen eller helikopter om bord.[8]
Kjelder
endre- ↑ Tore Stensvold (8. januar 2016), «Her møter Norges nye superskip forgjengeren for første gang», tu.no
- ↑ Rune Thomas Ege (08.11.2015), «Norske «Marjata» er verdens mest avanserte – klar for spionoppdrag i Barentshavet», vg.no
- ↑ om dåpen
- ↑ Etterretningstjenestens nye skip ble døpt
- ↑ Ny milepæl for etterretningsfartøy
- ↑ Nå er det nye spionskipet klart for Barentshavet
- ↑ Nå er det nye spionskipet klart for Barentshavet, besøkt 24. februar 2016
- ↑ Fem grunner til hvorfor det nye rumensk-norske spionskipet «Marjata» er spektakulært
- Denne artikkelen bygger på «FS «Marjata» (2016)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2017.