Erna Solberg
Erna Solberg (fødd 24. februar 1961) er ein norsk politikar for Høgre. Ho vart statsminister i Noreg etter valet i 2013. Solberg har vore partileiar i Høgre sidan 2004 og vart vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 1989. I 2005 vart ho òg parlamentarisk leiar. Solberg var leiar i Høgrekvinners Landsforbund 1993–1994, kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998, kommunal- og regionalminister 2001–2005 og 1. nestleiar i Høgre 2002–2004.
Erna Solberg | |
Erna Solberg i 2016
Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 24. februar 1961 (59 år) |
---|---|
Parti | Høgre |
1. verv | Statsminister i Noreg |
- periode | 16. oktober 2013– |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Jens Stoltenberg |
2. verv | Parlamentarisk leiar for Høgre |
- periode | 9. oktober 2005–30. september 2013 |
- føregangar | Oddvard Nilsen |
- etterfylgjar | Trond Helleland |
3. verv | Leiar for Høgre |
- periode | 9. mai 2004– |
- føregangar | Jan Petersen |
4. verv | Kommunal- og regionalminister |
- periode | 19. oktober 2001–17. oktober 2005 |
- regjering | Bondevik II |
- føregangar | Sylvia Brustad |
- etterfylgjar | Åslaug Haga |
5. verv | Kvinnepolitisk leiar i Høgre |
- periode | 10. april 1994–29. mars 1998 |
- etterfylgjar | Sonja Sjøli |
6. verv | Leiar i Høyrekvinners Landsforbund |
- periode | 7. mars 1993–4. juni 1994 |
- føregangar | Siri Frost Sterri |
7. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 2. oktober 1989– |
- valkrins | Hordaland |
Ektefelle | Sindre Finnes |
Som kommunal- og regionalminister arbeidde ho særleg for eit styrkt velferdstilbod innanfor ei ramme av færre og sterkare kommunar, i tillegg til regionalt samarbeid på tvers av fylkeskommunane.[1] Ho reformerte òg den norske asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken, og etablerte ein fungerande praksis for rask behandling av asylsøknader utan grunnlag.[1] Sidan ho tiltredde som partileiar i 2004, har Solberg særleg vektlagt den sosiale delen av – og det verdimessige grunnlaget for – Høgre sin politikk. Partiet har òg teke ei meir utprega pragmatisk retning.[2]
Etter stortingsvalet i 2009 steig oppslutninga rundt Høgre som parti og Solberg som statsministerkandidat mykje på meiningsmålingane.[2] Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart Høgre sitt beste sidan 1979. Framom stortingsvalet i 2013 var det eit uttalt mål for Høgre å danne ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre med Solberg som statsminister.[3] Resultatet vart ei regjering med Frp og Høgre som hadde ein avtale med Venstre og Krf i Stortinget.[4] Etter Stortingsvalet 2017 hadde Solberg framleis det parlamentariske grunnlaget for regjeringa si, og Venstre vart del av regjeringa i byrjinga av 2017. Hausten 2018 vedtok Kristeleg Folkeparti å forhandle om å gå inn i regjeringa dei med.
Familiebakgrunn og utdanningEndra
Erna Solberg vart fødd i Arna[5], som den gong var ein del av Haus kommune, i 1961 som dotter av konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Faren var tilsett i Bergen Sporvei, og Erna Solberg voks opp som den mellomste av tre søstrer.[6] Ho var først elev ved Nygård skule. Med dysleksi var ikkje skulegangen utan vanskar,[7] men ho fekk først påvist diagnosen som 16-åring, og naut godt av sterke muntlege evner.[8] På fritida var ho skulemusikant og aktiv speidar i KFUK, og tok pianotimar.[6]
Solberg har studiekompetanse frå Langhaugen videregåande skule frå 1979. Ho er utdanna cand. mag. med mellomfag i sosiologi, mellomfag i samanliknande politikk, kurs i statistikk, mellomfag i sosialøkonomi og hovudfagskurs i statsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1986. Ho har òg deleksamen frå hovudfag i sosialøkonomi frå same universitet frå 1988.
Erna Solberg er sidan 1996 gift med siviløkonom Sindre Finnes (1964–), som tidlegare har vore både tilsett og tillitsvald i Høgre, og har to barn med han.[7][9] For sitt bidrag i heimen vart Finnes kåra til «Årets mann» av Høgres Kvinneforum i 2002.[9] Familien har vore busett både i Rådal i Bergen og i Oslo.[6][9]
Tidleg politisk arbeidEndra
Allereie som gymnasiast tok ho på seg verv som medlem av arbeidsutvalet i Bergens Unge Høgre 1978–1979, leiar for Operasjon Dagsverk i 1979, medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband 1979–1980 og elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring 1979–1980. Solberg var seinare lønna sekretær i Operasjon Dagsverk 1983–1985.
I studietida hadde Solberg ei rekkje tillitsverv som varamedlem av Bergen bystyre 1980–1983, medlem av Bergen skulestyre 1980–1983, formann i Bergens Unge Høgre 1980–1982, nestformann i Hordaland Unge Høgre 1980–1981, formann i Bergen Konservative Studenterforening 1985–1986, formann 1985–1987 og nestformann 1987–1989 i Sandviken Høgre, medlem av arbeidsutvalet i Bergen Høgre 1986–1988 og valkampleiar i Bergen Høgre framom bystyrevalet i 1987. Etter valet tok ho sete som medlem av bystyret og varamedlem av formannskapet fram til 1989, da ho vart friteken frå verva.
UtmerkingarEndra
I 2005 vart Solberg utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Hellberg, Lars. «Erna Solberg». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. september 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Alstadheim, Kjetil B. (22. desember 2012). «Solberg-og-dal-banen». Dagens Næringsliv: 2.
- ↑ Krüger, Robin; Løset, Kjetil (6. januar 2013). «Slik vil de borgerlige styre Norge». TV 2. Henta 7. januar 2013.
- ↑ http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/smk/Nyheter-og-pressemeldinger/pressemeldinger/2013/erna-solbergs-regjering-utnevnt.html?id=742867
- ↑ «Sjampanjen lot vente på seg på Arna stasjon».
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Johansen, Per Kristian (9. februar 2009). «Stjerneklart. Erna Solberg». Henta 11. september 2012. Parameteren
|utgiver=
er ikkje støtta av malen. (hjelp) - ↑ 7,0 7,1 Solvoll, Einar (6. februar 2004). «Solbergs hjemmesjef». Aftenposten. Henta 11. september 2012.
- ↑ NTB (8. september 2012). «Solberg vil gi dyslektikere tilbake fri PC». Stavanger Aftenblad. Henta 11. september 2012.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Kvalheim, Svein (4. februar 2004). ««Det står alltid en mann bak»». Bergens Tidende. Henta 11. september 2012.