Fabian Wilkens Solheim (fødd 10. april 1996) er ein norsk alpin skirennar frå Oslo, medlem i Idrettslaget Heming. Han har vorte verdsmeister og vunne OL-bronse for Noreg i mannskapstevlingar.

Fabian Solheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1996 (28 år)
Oslo
Idrett alpint

Solheim sikra Noreg VM-gull i mannskapsøvinga under VM i alpine greiner 2021 i Cortina d'Ampezzo. Dei andre på laget var Kristina Riis-Johannessen, Thea Louise Stjernesund og Sebastian Solevåg. Året etter var han med på Noregs lag som tok bronsen i mannskapsøvinga under Vinter-OL 2022 i Beijing.

Solheim har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 8. desember 2018. Per 1.3.2022 var niandeplassen i storslalåm i Adelboden den 11. januar 2020 hans beste individuelle prestasjon.

Kjelder endre