Thea Louise Stjernesund

Thea Louise Stjernesund (fødd 24. november 1996) er ein norsk alpin skirennar frå Lillestrøm, medlem i Hakadal Idrettslag. Ho har vorte verdsmeister og vunne OL-bronse for Noreg i mannskapstevlingar.

Thea Louise Stjernesund

Thea Louise Stjernesund.JPEG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1996 (26 år)
Idrett alpint

Stjernesund debuterte i verdscupen i alpine greiner 27. oktober 2018 med ein niandeplass i storslalåmrennet i Sölden. Under VM i alpine greiner 2021 i Cortina d'Ampezzo utgjorde ho, saman Kristina Riis-Johannessen, Sebastian Solevåg og Fabian Solheim, det norske laget som rende inn til gull i mannskapstevlinga. Året etter var ho også med på Noregs lag som tok bronsen i mannskapsøvinga under Vinter-OL 2022 i Beijing.

Stjernsunds beste individuelle prestasjon i verdscupen er ein andreplass i parallell-slalåm i Lech am Arlberg den 13. november 2021.

KjelderEndra