Sebastian Solevåg
Sebastian Johann Foss Solevåg (fødd 13. juli 1991) er ein norsk alpin skirennar frå Ålesund. Under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang var Solevaag med i det norske mannskapet som tok bronse i lagtevlinga. Han er medlem i Spjelkavik Idrettslag.
Sebastian Solevåg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juli 1991 (33 år) Ålesund kommune |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2014 |
Karriere
endreSolevåg deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji, der han vart nummer ni i slalåm, same plasseringa i øvinga fekk han då VM i alpine greiner 2015 fann stad i Beaver Creek i USA. Nokre veker før meisterskapen i USA, vart han tredjemann i slalåm ved eit verdscuprenn i Zagreb 6. januar 2015. På tampen av 2016-sesongen tok han i St. Moritz ein ny tredjeplass i verdscupen i slalåm. Saman med Nina Haver-Løseth, Kristin Lysdahl, Maren Skjøld, Leif Kristian Haugen og Jonathan Nordbotten sikra Solevaag Noreg ein overraskande bronsmedalje i lagtevlinga ved vinterleikane 2018 i sørkoreanske Pyeongchang. Individuelt enda Solevaag på tiandeplassen i spesialøvinga slalåm.
Solevåg vart norsk meister i slalåm i 2013 og i 2015.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sebastian Solevåg» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2018.