Meta, Inc.
Meta Platforms, Inc., kjent som Facebook, Inc. fram til 28. oktober 2021, er eit amerikansk fleirnasjonalt teknologikonsern med hovudkontor i Menlo Park, California. Det er morselskapet til Facebook og dotterselskapa til tenesta. Det er eit av verdas mest verdifulle selskap og er rekna som ein av «dei fem store» IT-selskapa i USA, saman med Amazon, Alphabet, Apple og Microsoft. Selskapet genererer dei fleste av inntektene ved sal av annonseplasseringar til marknadsførarar.
Meta, Inc. | |||
| |||
| |||
Bransje | Informasjonsteknologi | ||
---|---|---|---|
Skipa | 4. januar 2004 | ||
Eigar | Mark Zuckerberg, Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin, BlackRock, Mark Zuckerberg, Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin | ||
Dotterselskap | Mapillary, Instagram, Facebook AI Research | ||
Hovudkontor | Menlo Park, California, USA | ||
Land | USA | ||
Produkt | programvare, Facebook Messenger, Facebook, Instagram, WhatsApp, Meta pixel, Facebook Custom Audience | ||
Tenester | Facebook Messenger Oculus Mapillary Workplace Portal Diem | ||
Grunnleggjar(ar) | Mark Zuckerberg, Eduardo Saverin, Dustin Moskovitz, Chris Hughes, Andrew McCollum | ||
Nykelpersonar | Mark Zuckerberg (CEO) Sheryl Sandberg (COO) David Wehner (CFO) Mike Schroepfer (CTO) Chris Cox (CPO) | ||
Adm.dir. | Mark Zuckerberg | ||
Dagleg leiar | Mark Zuckerberg | ||
Tilsette | 60 654 (31. mars 2021) | ||
Salsinntekter | 46 751 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Omsetnad | 46 751 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Resultat | 39 098 000 000 USA-dollar (2023)[1] | ||
Nettstad | about.facebook.com |
Meta tilbyr andre produkt og tenester, inkludert Facebook Messenger, Facebook Watch og Facebook Portal. Det har også kjøpt opp Giphy og Mapillary, og eig 9,99 % av aksjane i Jio Platforms.[treng kjelde]
I oktober 2021 rapporterte medium at morselskapet til Facebook hadde planar om å endre namnet til å «reflektere fokuset på å byggje opp eit metavers». Selskapet skifta namn til Meta seinare same månad, den 28. oktober. Namnet «Meta» kjem av gresk og tyder 'bortanfor', som indikerer det futuristiske motivet bak.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0001326801/000132680124000012/meta-20231231.htm; utgjevingstidspunkt: 2. februar 2024.
- ↑ «Facebook skifter selskapsnavn til Meta». E24. 28. oktober 2021. Henta 29. oktober 2021.